mandag 30. juni 2008

Hiking og Gay Parade

Daa var nok ei helg over i San Francisco. Tida gaar saa altfor fort her! Me har hatt ei fabelaktig helg med mykje moro. Fredag var Ingunn og eg ute med nokre fraa jobben rett etter jobb og drakk pils. Etterpaa tok me oss ein tur paa senteret og fekk kjopt litt klede til laurdagskvelden:) Paa laurdag sto me opp tidleg og kom oss etterkvart avgaarde paa hiking. Me satte kursen mot eit omraade nord for San Francisco. Difor fekk me ogsaa endeleg koyrd Golden Gate Bridge! :) Etter mykje om og men fann me endeleg plassen der me skulle gaa. Det var kun vaar bil som fann fram, saa det vart ein tremannstur. Det var ei nydeleg loype langsmed kysten med flott utsikt og nydeleg natur. Eg har masse bilete, og skal prove aa faa lagt ut litt i kveld. Paa veg heim fraa hikingen stoppa me paa Stinson Beach (nydeleg plass tante Rita!) og aat middag. Dit skal eg tilbake! Kjempekosleg plass med ei flott strand. Det var ikkje saerleg fint vaer denne dagen, saa me bada ikkje:)
Laurdagskvelden inviterte vaar leiligheit til norsk vorspiel. Nesten alle i gjengen kom og det var veldig god stemning. Etterkvart gjekk me ut paa byen og dansa langt uti dei seine nattetima...:)
I gaar, sondag, var det Gay Parade i byen. Eg har aldri sett saa mange morsomme, merklige, rare, sote og artige personar samla paa ein plass!! Det gaar ikkje an aa forklare med ord korleis stemningen var og korleis folk var kledd. Eg har ein del bilete og skal heller legge ut dei :) Det var i alle fall litt av ein opplevelse!!
Paa tur heim fraa byen og Gay Parade stoppa me paa Twin Peaks, som er utsiktspunkt over heile byen. Det var veldig taakete denne dagen saa utsikten var ikkje den beste. Men me fekk nokre fine bilete av kvarandre :) Deretter koyrde me ut til havet og stranda og leikte oss litt der.
Denne veka skal me kun vere paa jobb tre dagar. Me har faatt fri paa torsdag og skal koyre nedover til LA onsdagskveld eller torsdagsmorgon. Der skal me feire 4.juli med BBQ og beachparty! Det blir stas!! :) Om forrige veke gjekk fort, saa kjem i alle fall denne til aa gjere det!!

Haapar alt staar bra til heime! :)

onsdag 25. juni 2008

Bilder frå Santa Cruz :)


Gjengen på piren.

Dei søtaste sjøløvene som kosa seg ved piren.

Beachen!!

Santa Cruz sett frå piren.

Vegard, Ingunn og Jon Petter i solnedgangen.

Vegard tar bilde av solnedgangen :)

Solnedgangen i Stillehavet!

Nydeleg!

Roadtrip :)

Fleire bilder!


Trefolket på Berkeley! Der har dei budd i eit år..!!

Alle politifolka som passa på at folk ikkje gjekk bort til trefolket med mat og drikke.

Ingunn og eg har mykje action i kvardagen vår. Gasslekkasje på jobb!

Kristoffer, Fredrik og Ingunn på restaurant i Berkeley.

Konsert med Death Cab for Cutie på The Greek Theater i Berkeley. Nydeleg!

mandag 23. juni 2008

Andre helga i San Fran :)

Daa var andre helga i San Fran over. Det har vore ei meget bra helg, utan matforgiftning og brannevakuering! Paa laurdag var me paa Berkeley heile dagen, reiste heimafraa kl 8 om morgonen fordi me tok Bart'n ut. Me hadde skule fraa kl 10- ca 1430 der me bestemte oss for team som me skal skrive forretningsplan saman med. Eg enda opp paa team med Ingunn (min sambuar og kollega:)..), Vegard og Tom. Veldig godt fornogd, og trur me kjem til aa gjere stor suksess! Etter at me var ferdig paa skulen gjekk me ein runde paa Campus med professoren vaar, foer han tok oss med ut til middag og oel i ein bakhage paa ein lokal restaurant. Veldig flott! Der vart me sittande til me gjekk paa konsert med Death Cab for Cutie paa the Greek Theater. Det var ein fantastisk flott opplevelse. Konsertarenaen var bygd opp som eit gresk teater, det var sol og varmt, og rett og slett ein nydeleg setting. Etter konserten gjekk me paa ein pub, foer me koyrde heimover (satt paa med ein som ikkje drakk alkohol den kvelden;)..). Det enda opp med at me tok feil exit paa veg heim slik at me enda opp ved Golden Gate Park og til slutt heilt ved kysten. Me stoppa og gjekk ut paa beachen for aa kjenne paa Stillehavet. Det var kaldt! Me kom oss heim til slutt:)
I gaar, sondag, bestemte me oss for aa reise paa roadtrip. Ingunn, Hilde og eg sat paa med to gutar, Vegard og Jon Petter. I tillegg koeyrde ein gjeng i ein anna bil. Me koyrde sorover langs kysten paa highway 1, og det var utruleg artig aa sjaa landskapet og strendene nedover kysten. Maalet vaart var Santa Cruz som er kjend for fine strender og varmt klima:) Der la me oss paa stranda, bada (litt kaldt vatn, men ikkje noko problem for badenymfen Inghild), og spelte sandvolleyball. Foer me satte kursen heimover aat me middag og tok ein tur ut paa piren. Me koyrde langsmed kysten heimatt ogsaa. Daa fekk me sett solnedgangen i Stillehavet, og eg har nesten ikkje ord for kor flott det var.
Har tatt ein del bilder, saa skal prove aa faa lagt ut litt ein av dei naermaste dagane.

I dag er eg tilbake paa jobb. Noko som var litt hardt i dag... Helga skulle hatt ein ekstra dag:)
I kveld maa eg lese case til Berkeley i morgon. Ingunn og eg skal ta oss ein tur paa kjopesenteret foer me reiser heim ogsaa:) Dagane gaar unna...

Haapar fortsatt at alt staar bra til heime, og eg har forstaatt det slik at helga var vellykka heime ogsaa:)

fredag 20. juni 2008

Paa Berkeley bur det folk i eit tre!!

Ja, det er heilt sant. Og ganske utruleg!! Paa Berkeley bur det folk i eit tre. Det er ganske sterke politiske meiningar og mykje aktivisme ute og gaar paa Berkeley, og desse folka fann ut at dei ville protestere mot nedhogging av trea ved aa flytte opp i dei! Dei har faktisk budd der i eit aar no..!! Me var aa saag paa det i gaar (eg skal legge ut bilder ein annan dag:)..). No er det masse oppstyr rundt det fordi politiet forsoker aa faa dei ned fraa treet. Det var sperringar rundt heile omraadet og masse politifolk som sto vakt, dette for aa hindre folk i aa hjelpe trefolka med mat og drikke. Politiet har funne ut at det er paa tide at dei skal ned derifraa ;) Det var opp til fleire helikopter i lufta over, og masse media der. Det var rett og slett ein svaert spesiell og artig opplevelse!! Welcome to America, er alt eg har aa sei :)

No er det veldig snart helg. Ein liten arbeidsdag igjen. Det skal bli godt! I kveld skal Ingunn og eg til byen og ete middag saman med ein kompis av Ingunn. Me skal shoppe litt, og gjerne ta ein liten tur ut:) Det blir ikkje svaere festen i dag fordi me skal paa skulen i morgo kl 10. Det er kun i morgon me skal ha skule paa ein laurdag, dette for aa komme i gang med ei gruppeoppgaave me skal skrive. I morgo kveld skal me henge paa Berkeley, utforske litt og kose oss i finvaeret, foer me skal paa konsert. Det blir goy! Saa det blir nok ein liten fest daa:)
Paa sondag har me forelopig ingen andre planar enn at me skal finne paa noko artig. Me har snakka om aa kanskje ta ein biltur sorover og finne ein fin beach me kan kose oss paa, og kanskje ogsaa koyre Golden Gate Bridge og litt nordover. Me finn nok ut av det, alltid noko aa gjere paa!

Haapar alt staar bra til heime, og at Laerdalsmarknaden blir knall ;)
Kos dikka paa Stavarekkja for meg ogsaa.... :) (ei alder so lita kneik eg maa over i morgon kjenner eg...skal prove aa ikkje tenke paa det...;)..)

tirsdag 17. juni 2008

Helga og start paa Berkeley!

Fyrste helga i San Francisco gjekk fort unna. Det starta med at eg vart matforgifta paa fredag og var daarleg fredagsnatta og store deler av dagen paa laurdag. Eg kom meg so pass at eg fekk vere med paa kino, noko som var kjempemoro, og ein liten tur ut etterpaa. Eg avslutta kvelden relativt tidleg. Natt til sondag vart me vekt av brannalarm og det viste seg at det var ganske alvorleg. Ein leiligheit i 6.etasje (me bur heldigvis i 9.etasje) sto i full fyr. Heldigvis vart ingen alvorleg skada, og me fekk komme inn i leiligheiten igjen etter vel 1 time paa gata (det var kaldt!). Sondag vart daffedag, med ein liten tur paa kjopesenteret som ligg bortanfor oss. Det var deilig med ei roleg helg!
I gaar var me paa jobb, og kvelden nytta me til klesvasking og lesing av case. Me skal nemleg ha vaar fyrste dag paa Berkeley i dag. Det blir utruleg spennande, og eg gledar meg mykje, samtidig som eg er litt nervos! Undervisningsopplegget i USA er veldig ulikt Norge. Men me kjem nok til aa laere mykje! Ingunn og eg skal koyre rett fraa jobb til Berkeley. Gledar meg til aa sjaa korleis det ser ut der :)
Ellers saa er det ikkje saa mykje nytt her i San Francisco, sola skin og livet er godt! Dagane gaar saa utruleg fort unna, for eg veit ordet av det saa staar eg heime i Laerdal igjen!

Haapar alt staar bra til heime :)

mandag 16. juni 2008

Some pictures from San Francisco :)


Fyrste gong med Muni til downtown.

Gotta love NikeTown :)

På tur opp bakkane med Cable Car.

The Cable Car!

Jentene ute på byen, fornøgde etter å ha sett Sex and The City!
Ingunn i midten og Hilde til høgre er mine sambuarar i San Francisco :)

torsdag 12. juni 2008

Ny dag, nye muligheiter!

I dag skal eg og Ingunn hente leigebilen vaar. Spennande!! Me er begge litt nervose for aa koyre i San Francisco. Det gaar fort unna paa motorvegane her! Men saa lenge me veit kor me skal, og kor me ska ta av, so trur eg at det skal gaa heilt fint! Not to worry:) Det skal bli kjekt aa faa bil, daa blir me mindre avhengig av gutane som me har sete paa med til jobb, sidan dei har svaert mykje aa gjere om dagen. Kjekt aa kunne komme seg litt rundt ogsaa!

I kveld skal alle motast og spele fotball paa fotballbana paa universitetet som ligg like ved der me bur. Det blir kjekt! Har ikkje faatt trent enno, so det skal bli godt aa faa bevegd seg litt! Maa ta meg ein tur paa NikeTown ein dag ogsaa, eg treng noko treningskle;)

Lisbeth, som har vore kontaktpersonen vaar i Innovasjon Norge her i SF, har introdusert oss for ein norsk mann som bur og arbeider i SF. Han er svaert aktiv innanfor friluftsliv og sport, og skal ta oss med paa diverse aktiviteter! Det blir moro!:) Han har ogsaa foreslaatt ein heil del av ting me kan gjere i helga som kjem. Blir nok ikkje ei kjedeleg helg!!

Vaeret i San Fran er ikkje til aa klage paa. Sol og blaa himmel kvar einaste dag!! Deilig!:)

Haapar fortsatt at alt staar bra til heime!
Tusen takk for alle kommentarar, kjekt aa lese :)
Klem, Inghild.

onsdag 11. juni 2008

Livet i San Francisco!

Daa var eg paa plass i San Francisco! Landa laurdag i 19tida lokal tid. God og sliten. Men jammen var det godt aa komme fram!! Eg bur i ein leiligheit saman med to andre, veldig hyggelige jenter (Ingunn og Hilde). So langt har alt funka veldig bra og me trivst godt saman. Sondag brukte me til sightseeing downtown San Francisco. Det er saa mykje aa sjaa!! Me brukar ca 20 min med Muni'n (tbane-liknande) til downtown. Me tok the Cable cars over bakkane og ned til Fishermans Wharf der me saag the Golden Gate Bridge og Alcatraz. Downtown er saa stort og har saa mykje butikkar at eg er overbevist om at eg maa sette av to veker til kun shopping om eg skal rekke over alt! Heldigvis skal eg vere her i 2,5 mnd ;) Applestore og NikeTown er blant favorittane allereie!!

Paa mandag hadde me informasjonsmote og matchmaking saman med Innovasjon Norge, Berkeley og alle bedriftene som ville ha interns. Det var ein svaert spennande dag! Me hadde speeddating med bedriftene og etterpaa maatte alle mingle og finne seg jobb. Eg fant meg i grunn fort og greitt ein jobb. Eg har starta som intern i IMMI (sjekk ut immi.com), der eg skal lage ei slags informasjonsnettside via eit verktoy som heiter TWiki, samt vere med engineeringgruppa deira ein del. I dag er andre dag paa jobb, og mine veiledarar har ikkje komme inn endaa, saa eg fekk litt tid til aa skrive blogg :) Eg trur eg kjem til aa stortrivst her, folk er kjempehyggelege og det er flott ope kontorlandskap og godt miljo! Faktisk saa har Ingunn (my roommate) ogsaa internship her. Me skal hente oss leigebil i dag, noko me begge er svaert nervose for, for det er heftig aa koyre bil i San Francisco!! Firmaet har beliggenheit rett sor for San Francisco by (i Silicon Valley), saa det tar oss ca 30 min med bil.

Eg har vore svaert troytt om kveldane dei dagane eg har vore her no, mykje pga jetlag og at det er svaert mykje som skjer kvar einaste dag. Mykje informasjon aa fordoye! Ser litt fram til helg. Paa laurdag skal jentene ut aa sjaa Sex and the City paa ein kino som serverer Cosmopolitan i baren og som du kan ta med inn i kinosalen. Me skal dresse oss opp i kjolar og gaa ut paa byen etterpaa. Det blir stas!!

Neste veke skal me starte paa Berkeley. Me skal ha undervisning to ettermiddagar i veka. Me fekk mykje informasjon om opplegget paa mandag, og det virkar kjempebra! Det kjem til aa bli myyyykje aa gjere, men eg trur det blir verdt det! Me blir bedomt paa kor aktive me er i timane og i diskusjonar med case, ei individuell oppgaave me skal skrive, samt ei teamoppgaave som skal vere ein forretningsplan med ein killer presentasjon. Spennande! Det kjem til aa bli ein travel sommar!!

Eg kan vel i grunn konkludere med at eg stortrivst i San Francisco. Eg angrar ikkje eit sekund paa at eg reiste og trur ikkje at eg kjem til aa kjede meg eit sekund! Her er det alltid noko aa finne paa!! San Francisco er ein fabelaktig by!

Haapar alt staar bra til heime!!
Sakna dikka!

søndag 1. juni 2008

Fyrste blogginnlegg!

Då var eg offisielt blitt med i bloggingens store verden!
Eg har oppretta denne bloggen for å forsøke å halde venner og kjente heime i Norge oppdatert på kva eg held på med i statane i sommar. Muligens enklare enn å skrive epost til alle :) Flott med kommentarar frå de heime også!

Under ei veke til avreise!!