fredag 27. februar 2009

Updates

Då var skulen i gang for alvor. Eg hadde mine fyrste forelesningar på mandag. Godt å komme i gang og artig å sjå korleis opplegget her blir. Slik det ser ut no så blir det nok travelt framover, så det gjeld å bruka tida rett (populært kalla time management skills).
Foreløpig tar eg følgande fag:

HRMT2237 - Human Resource Management
IREL2270 - Negotiation, theory and practice
MGMT3341 - International Managament

Eg manglar eit fag, er fram og tilbake mellom eit Australia-fag eller Health and Fitness. Finn nok ut av det i løpet av starten av neste veke. :)
Timeplanen er ikkje så aller verst, med torsdag og fredag fri. I alle fag har eg 2-3 assignments (innleveringar o.l.) som skal leverast og obligatorisk oppmøte på tutorials (øvingar på godt norsk?) som også tel med på endeleg sluttkarakter. Slutteksamen tel stort sett ikkje meir enn 50 %. I tillegg skal ein vere forberedt til alle forelesningane og ein har diverse anna lesing (artiklar osv.) til tutorials.
UWA er eit stort universitet og i dei fleste forelesningane mine er me 3-400 studentar. Litt meir enn kva eg er vand til frå Ås :) Blir ikkje så mykje spørsmål i forelesningane kan du sei. Men i tutorials er me langt færre, og då blir me vurdert etter kor aktive me er i timen osv. Her kan ein ikkje ligge på latsida, og eg har allereie hatt min fyrste tur på biblioteket for å lese..

På torsdag var Siri og eg på IKEA. Ja, dei har faktisk IKEA her og! Det var nesten som å komme "heim" når eg kom dit. Norsk varedeklarasjon på ting osv. Svenske kjøtbollar gjorde godt! :) Me fekk handla oss litt diverse; handkle, oppvaskkost (ikkje så lett å finne i vanleg butikk her), hylle til badet, sengetøy osv. I tillegg fekk Siri seg ei hylle til rommet; ho var godt nøgd når den var ferdig montert:)






Ellers har eg booka meg tur til New Zealand. Avreise 1.april og heimreise 19.april. I tillegg har Eirik booka tur til Cook Islands for oss frå 5.april i 5 netter. Sånn som det ser ut på bildene, så blir nok det heilt greitt;)




Eg har booka plass i denne hengekøya:

søndag 22. februar 2009

Livet i Mosman Park

Då var me på plass i leiligheiten vår i Mosman Park. Livet er ganske godt her.

I går gjekk me til Cottesloe (som er den finaste stranda her), og brukte ca 30 min. I dag gjekk me til den nærmaste stranda vår. Det tok 10 min. :) Greitt å bu so nærme stranda!


På fredagsettermiddag flytta me inn. Det var utruleg deilig å endeleg få rydde ut av bag og sekk, og kunne få litt orden i ting. Me laga oss ein god kyllingsalat og delte ei vinflaske på balkongen vår.

I går var me i byen og fekk ordna internett. Etter mykje om og men fann me ut at den beste løysninga for oss var Mobile Broadband, som på ein enkel måte vil sei at me har internett på ein usb-stick:) Fungerar heilt greitt, og ikkje altfor dyrt. Etter byen tok me oss ein tur på stranda før me stakk heim og ordna oss klar for kvelden. Esther (jente som går på Murdoch Uni, frå South Australia), Turid og Iren kom på bbq og vorspiel. Veldig koslig! Me har grillar i ein liten park rett utanfor bygningen vår, som alle kan bruke når dei vil. Ikkje domt!


I dag har me ein roleg søndag heime. Siri har quiz på skulen i morgo og lese, mens eg slappar av;)
Det blir vel andre bollar for meg framover også.. I morgo startar skulen for alvor! Det blir spennande. Eg ser fram til å komme i gang, sjå korleis opplegget er og få litt rutine i kvardagen.
Tiden flyr og me har snart vore her i 3 veker. Eg kan nesten ikkje tru det! Før eg veit ordet av det skal eg vel heim..


Som de kanskje forstår; alt er fortsatt tipptopp her. :)
Korleis er ting heime?

onsdag 18. februar 2009

Gladnyheit: Leiligheit er i boks! :)

Då var endeleg leiligheiten i boks. Tilfeldigvis fann eg ut at eg ville kjøpe West Australian (avis som kjem ut på laurdagar med haugevis av annonsar) forrige laurdag. Det viste seg å vere eit lykketreff! Der fann me ein annonse på ein leiligheit i Mosman Park, Siri ringte, ei særs hyggeleg dame svarde (Sarah) og me fekk ordna visning. Eg reiste på visning mandag (i går), og leiligheiten viste seg å vere midt i blinken for oss. Den er fullt møblert (inkl. alt ned til tallerkar og steikepanne!), ligg genialt plassert nær både togstasjon og bussruter, basseng i hagen og har to store soverom. :) Sarah var svært positiv og i dag møtte eg ho for å levere søknaden vår. Me sat å prata i nesten 45 min og ho fortalte at ho ville gje leiligheiten til oss; LYKKE! :) Så på fredag flyttar me inn i vår nye leiligheit i Mosman Park. Det blir digg. Endeleg kan me pakke ut av bag og koffert, og få litt orden på livet. Ser verkeleg fram til det!



Kjøkken



Endå meir kjøkken


Basseng i hagen, not bad!



Stova med balkong



Eit av to soverom. Kingsize bed! :)


Ellers har eg vore på skulen både i går og i dag. Det er no Orientation Week, som inkl både internasjonale og 1.klassingar ved UWA. Mykje info blir litt unødvendig for oss internasjonale, som jo er 3.-4.klassingar, sidan mykje info går på det å starte på universitet, korleis det er forskjellig frå high school osv. I dag vart ein kort dag på skulen, så eg tok ein tur på stranda etter møtet med Sarah. I morgo skal eg også på stranda, med Iren og Turid, som også egentleg går på Ås:) Livet er i grunn ganske godt her.



Håpar alt står bra til heime!

søndag 15. februar 2009

Helg nr 2 i Perth

Då var vår andre helg over i Perth..tida flyr!



Cottesloe Beach


Ganske greitt;)


Laurdagskvelden samla me ein gjeng frå UWA og Murdoch (der Siri går) og gjekk ut på Little Creatures, som er eit mikrobryggeri som ligg i Fremantle. Mykje godt øl og god pizza, hyggelege folk og god stemning, gjorde at kvelden vart vellykka!


Iren og Ingvild @ Little Creatures in Freo


Natsuko, Mana, Iren & Ingvild. The Japanese style :)


Siri & Inghild :)

torsdag 12. februar 2009

Livet i paradis..

Livet i Perth er ganske godt! Ein kan ikkje klage i slike omgivelsar..


I det siste har det vore opp mot 40 grader (om ikkje meir) og full sol. Blir fort litt for varmt for meg, og då er det godt at stranda og havet ikkje er langt unna! Me har ikkje funne leiligheit endå, men jakta pågår for fullt. Me har inntil vidare dobbeltrom på eit hostell meget sentralt i Fremantle, noko som fungerar veldig greitt. I går hadde eg min fyrste dag på UWA, noko som var veldig interessant og moro! Veldig mange hyggelige folk. Så eg trur nok at dette skal bli veldig bra:)

Har lagt ut bilete på Picasa.


Things u need in Perth:


VATN!


Solbrille (kanskje på tide med nye!)


Solkrem med 30 i faktor (MINST)

Lonely Planet (Takk Astrid!)


Tropenatt i Norge er oppskrytt; sjekk temperaturen i Perth i går kveld kl 23 (klikk på bilete for større):


Og om det er vanskele å sjå... 30 varmegrader!!!

fredag 6. februar 2009

The life so far down under!

Då va me på plass i Aussie-land! Turen ned gjekk overraskande bra. Plutseleg var me i Hong Kong, og raske 7 timar etterpå var me i Perth! Eg hadde aldri trudd at alt skulle gå så bra:) Vel på plass, og etter litt om og men, så sovna me begge ganske raskt i sengene våre på hostellet (som forøvrig ligg rett på stranda i Cottesloe).

Fyrste dagen i Perth brukte me på litt ordning og fiksing. Fekk blant anna ordna nytt mobilnummer (som frå Norge er +61420749684), og litt andre småting som måtte ordnast. Me reiste difor til byen ein tur, som er ein ca 20-minutters busstur frå hostellet vårt. Byen er kjempefin og alle er så hyggelege og venlege! Ingen stressar rundt, og alt er veldig avslappande. Her kan eg like meg:) Ettermiddagen brukte me på stranda;)

I dag begynte Siri på skulen. Eg har fortsatt fri, og skal ikkje starte før neste onsdag (11.feb). Eg vart med eit par av jentene me bur på rom med på stranda på formiddagen. Det er fabelaktig å kunne legge seg på stranda å slappe av i eit par timar i sola, før ein gjer andre ting:) Etter strandturen tok eg og ei tysk jente me bur på rom med, turen til byen for å sjå på UWA (universitetet der eg skal gå). Campus er kjempestort og skikkeleg flott! Det er store grasplenar og parkar, og flotte bygningar. Gledar meg til å starte! Eg var innom international centre for å sei hei og hente velkomstpakka mi. Etter besøket på UWA gjekk me ein tur i Kings Park, som er ein kjempestor park like ved byen.

Me har enno ikkje funne oss plass å bu, men me arbeider iherdig med saken. Brukar internett aktivt, og har ringt og sendt epost til fleire. Me satsar på at det ordnar seg snart! Det er i alle fall godt å vere to om saken:)
Forøvrig så har me ikkje trådlaust internett på hostellet og eg får difor ikkje nytta skype, facebook og alt det så aktivt før eg får anna bustad. ;)

Eg kan, som de kanskje har skjønt, rapportere om flotte forhold i Perth. Her kjem eg til å trivst! Sjølv om saknet heim til mine kjære har vore sterkt dei siste dagane, så går det seg nok til!

Håpar alt står bra til heime! :)

PS: Meir bilde kjem seinare....

mandag 2. februar 2009

Hyttetur siste helga før avreise!












Takk for turen, folkens!! :)