søndag 29. mars 2009

Tur til dyreparken!

Me starta helga med ein tur på byen saman med jenter frå klassen til Siri.






I dag, søndag, var Siri, Jonas og eg til Perth Zoo.


Me såg krokodille....




Den var STOR!


Tiger hadde dei også...


Og kanskje verdens største skilpadde!?



Denne søte bjørnen (Sun Bear) fylte 1 år i dag!



Kanskje vår favoritt i Perth Zoo. Apene!




Koalaen var ganske kjedeleg og satt gøymt høgt oppe i eit tre.


Kenguru!!



Siri fekk seg ein ny venn.



Den var mindre glad i meg og prøvde å slå meg.. (difor eit ganske skremt ansiktsutrykk!) Men uansett; eg fekk klappa den :)





Skippy the kangaroo!



Dei har faktisk pingvinar i Australia.



Me avslutta med lunsj ved Matilda Bay. Perth skyline i bakgrunnen.




Snør det heime seie du?




:)

tirsdag 24. mars 2009

No more heimlengsel!

Då kan eg rapportera om at heimlengselen e lagt på hylla og livet er nok ei gong ganske godt i Perth. Tenkte eg skulle dele litt om korleis forrige helg utarta seg.
Helga starta fabelaktig på fredag med kitekurs, noko både Siri og eg fann svært artig. Me skal nok mest sannsynleg prøve igjen! :) Fredagskvelden var me invitert i bursdag til Ingvild, ei norsk jente som går på UWA. Me var på vorspiel hjå ho før me reiste ut på byen. Etter fredagens hendingar vart laurdag ganske roleg. Siri og eg hadde begge mykje skulearbeid me måtte gjere, så dagen vart nytta til det. Ein liten tur på stranda, samt ein joggetur klarde me å pressa inn i tidsplanen :) På søndag var det nok ei gong tid for skulearbeid, men eg kjente at motivasjonen ikkje var på topp og kva er betre då enn litt shopping?! Eg tok turen ned til Freo og fekk shoppa litt i frå meg. Godt nøgd med utfallet:) Søndagsettermiddag inviterte Kate, ei amerikansk jente i klassen, med meg på Sunday Session. Jada. Dei festar på søndagar her! Ganske artig i grunn:) Me var på Brisbane hotell i byen; god stemning og god mat & drikke, gjorde at ettermiddagen/kvelden vart suksess.

Ny veke, ny moglegheiter. Denne veka har eg mål om å få gjort mykje skulearbeid. Men ein kan ikkje slite seg heilt ut, så i morgon skal eg på fest hjå Kate. Tjoho!


Til Turid: I kveld skal eg på BodyBalance, aka YOGA! Oh yes, nytt og betre liv:)


Om 1 lita veke set eg kursen mot Nya Zealand og Eirik. Det ser eg fram til! Ferie på Cook Island blir GODT! :)
Håpa alt står fortsatt bra til heime! Keep me posted. :)

torsdag 19. mars 2009

Heimlengsel..

Eg ana eit snev av heimlengsel i dag.

E d rart?






Ikkje vær redd. I will be back!!

søndag 15. mars 2009

Besøk av Eirik

Eirik kom på besøk forrige onsdag. Han skulle etter planen reise i kveld, men flyet var kansellert og går i morgo tidleg i staden. Medan eg ventar på at han kjem tilbake, tenkte eg å dele litt frå den siste veka med dikka. Mandag til onsdag gjekk med til skule, før Eirik kom på onsdag. Torsdag var me på litt sightseeing, blant anna på UWA campus og inni byen. På fredag hadde eg bestilt tur til Rottnest Island til oss. Det er ei lita øy som ligg ca 30 min utanfor Fremantle. Øya har så å sei ingen biltrafikk og ein syklar rundt øya, som er ca 11 km i lengden. Det er utruleg mange flotte bukter og strender der, og ein skulle tru ein var i paradis.... - bildene seier vel sitt!




Me avslutta dagen med ein velfortjent pils....



Sidan "life is a beach in WA", så måtte me jo på stranda på laurdagen også... :)


På kvelden vart det tapas på MadMonk, namnam!




Oppsummert; meget bra helg. Gler meg til NZ om 2 veker :)

søndag 8. mars 2009

Besøk frå Norge

Nok ei helg er over i Perth og me går snart inn i ei ny veke med nye muligheiter!

Denne helga har gått med til blant anna surfekurs. Det var veldig moro! Litt frustrerande når ein ikkje kjem seg opp på brettet, men så fort ein har surfa ei bølge så er det veldig kjekt! :) Vurderar å gå til innkjøp av eit brett - me får sjå..
Ellers har me hatt besøk av Arnstein, Kristian og Eirik frå onsdag til laurdagskveld. Eg let bildene fortelja historien! :)


Kristian og Arnstein prøvde seg på surfing. Eg var med som støttespelar..


Sandslott høyrer med..





Alle var godt nøgde med resultatet!


Gutane diska opp den eine middagen etter den andre...




Det satte me stor pris på!


BBQ høyrer med!


Med is til dessert :)



Innimellom var det også tid til avslapping....




..og ein tur på vårt favorittbryggeri - Little Creatures




Forrige veke når Siri og eg var på IKEA fekk me kjøpt oss svensk rugbrødblanding. Det einaste du trengte å gjere var å tilsetje vatn og riste!




Det ferdige resultat; GROVBRØD! (noko som er sjelden vare i australske matbutikkar..)