søndag 31. mai 2009

Surf!

I dag tidleg sette Siri, Viktor og eg kursen mot Scarborough (20 min nord for oss) for å surfe. Verken Siri eller eg har surfa veldig mykje før og i dag var bølgene store... av den grunn vart det mykje deng på oss begge. Siri kom heim med blå nase! Men me prøver så godt me kan og me gir ikkje opp kampen mot bølgene. Artig var det i alle fall! Bildene fortel nok det meste:


Det er viktig å kartlegge forholda før ein går uti



Litt turrtrening er også lurt!



This is how we do it!






Siri fekk erfare at ein må berre vike når nokon har tatt bølga før ein....



Går det her bra???



Nei.....



Viktor kan sakene sine!




Ellers har me hatt ei fabelaktig helg med fest på fredag, shopping med litt sosialt på kvelden i går og surfing i dag. Livet i Perth er ganske fantastisk! Det har begynt å gå opp for oss alle at me snart skal heim og det er sjølsagt veldig trist... Men samtidig skal det bli godt å komme heim å treffe alle igjen! :) For dei som held telling: kun 3 veker til avreise Norge i dag..
Sumar i Lærdal blir fint det:)

torsdag 28. mai 2009

Rikmannslivet

Forrige søndag reiste Siri og eg i Kate sin bursdag. Kate går i klassen min på UWA og er amerikansk. VELDIG amerikansk! Familien hennar er ganske godt stilt og Kate bur åleine i leiligheiten som har 4 soverom, x antal bad, eigen bar, flatskjermar og ein utsikt ein berre kan drøyme om. I garasjen står 3 bilar, og far hennar er her eit par dagar i mnd. Ganske greitt med andre ord! Når Kate fortel om familien og livet deira er det som tatt ut av ein amerikansk film og Frustrerte Fruer. Ganske fascinerande.... :)

Som de ser av bildene så trivst me godt i rikmannsleiligheiten;)





Lærdal (eller Laerdal som det blir her i Australia) er verdenskjent!




På tysdag holdt UWA farewell-event for alle utvekslingsstudentar som skal reise heim no (me skal heldigvis ikkje heim heilt enno....).
Australsk bbq sto på menyen, samt øl.

lørdag 23. mai 2009

Etter stormen.....

Flott haustvær i Perth i dag! Siri og eg tok oss ein rusletur på stranda. Frisk bris, sol og opphold må vel karakteriserast som ein god (norsk) haustdag!?
Vindsurfing, surfing og kiting var god underholdning på turen.






















fredag 22. mai 2009

Haust!

Då var hausten kommen til Perth. Nokon seier at det var på tide, andre syns det er litt kjipt! Eg syns det var greitt. Eksamensperioden nærmar seg og det er på tide å opne bøkene. Då er det greitt med vind og regn ute.



Flott utsikt frå the Mansion!

mandag 18. mai 2009

onsdag 13. mai 2009

Det kvardagslege liv...

Det har vore mykje blogging om strand og diverse festligheitar i det siste. Sidan eg brukar mykje av tida mi på skulen om dagen, og heilt sikkert kjem til å gjere det også i nær framtida sidan eksamenstida nærmar seg, så tenkte eg det var på tide med litt bilder frå UWA campus. Campus er kjempestort og utruleg flott.
Here it goes:


Inngangen på skulen





Her brukar eg store delar av tida mi: Biblioteket!



Eg har blitt stamgjest på denne kafeen.




Haustfargar i Perth.


James Oval. Her spelar dei alt frå Cricket til Football.



Drivhusa på campus!


Dette semesteret opna UWA sin nye Business School. Flott!




Etter ein lang dag på skulen er det godt å komma tilbake til Mosman Mansion (som ligg i 5.etasje i dette nydelege leiligheitsbygget).


Populært kalla Bel Air.



Kan ellers rapportera om at alt er fortsatt bra. Litt umotivert og smålei skulen i dag, men alt går seg nok til. Ingenting ein joggetur på stranda ikkje kan kurere! See ya!