mandag 23. juni 2008

Andre helga i San Fran :)

Daa var andre helga i San Fran over. Det har vore ei meget bra helg, utan matforgiftning og brannevakuering! Paa laurdag var me paa Berkeley heile dagen, reiste heimafraa kl 8 om morgonen fordi me tok Bart'n ut. Me hadde skule fraa kl 10- ca 1430 der me bestemte oss for team som me skal skrive forretningsplan saman med. Eg enda opp paa team med Ingunn (min sambuar og kollega:)..), Vegard og Tom. Veldig godt fornogd, og trur me kjem til aa gjere stor suksess! Etter at me var ferdig paa skulen gjekk me ein runde paa Campus med professoren vaar, foer han tok oss med ut til middag og oel i ein bakhage paa ein lokal restaurant. Veldig flott! Der vart me sittande til me gjekk paa konsert med Death Cab for Cutie paa the Greek Theater. Det var ein fantastisk flott opplevelse. Konsertarenaen var bygd opp som eit gresk teater, det var sol og varmt, og rett og slett ein nydeleg setting. Etter konserten gjekk me paa ein pub, foer me koyrde heimover (satt paa med ein som ikkje drakk alkohol den kvelden;)..). Det enda opp med at me tok feil exit paa veg heim slik at me enda opp ved Golden Gate Park og til slutt heilt ved kysten. Me stoppa og gjekk ut paa beachen for aa kjenne paa Stillehavet. Det var kaldt! Me kom oss heim til slutt:)
I gaar, sondag, bestemte me oss for aa reise paa roadtrip. Ingunn, Hilde og eg sat paa med to gutar, Vegard og Jon Petter. I tillegg koeyrde ein gjeng i ein anna bil. Me koyrde sorover langs kysten paa highway 1, og det var utruleg artig aa sjaa landskapet og strendene nedover kysten. Maalet vaart var Santa Cruz som er kjend for fine strender og varmt klima:) Der la me oss paa stranda, bada (litt kaldt vatn, men ikkje noko problem for badenymfen Inghild), og spelte sandvolleyball. Foer me satte kursen heimover aat me middag og tok ein tur ut paa piren. Me koyrde langsmed kysten heimatt ogsaa. Daa fekk me sett solnedgangen i Stillehavet, og eg har nesten ikkje ord for kor flott det var.
Har tatt ein del bilder, saa skal prove aa faa lagt ut litt ein av dei naermaste dagane.

I dag er eg tilbake paa jobb. Noko som var litt hardt i dag... Helga skulle hatt ein ekstra dag:)
I kveld maa eg lese case til Berkeley i morgon. Ingunn og eg skal ta oss ein tur paa kjopesenteret foer me reiser heim ogsaa:) Dagane gaar unna...

Haapar fortsatt at alt staar bra til heime, og eg har forstaatt det slik at helga var vellykka heime ogsaa:)

2 kommentarer:

Anonym sa...

Det ser ut til at du har funne deg vel tilrette. Kjekt at du legg ut bilete innimellom. Eg er ikkje saa reint lite misunneleg. Vi budde i Mill Valley da vi besokte Nils. Det neste de maa prove er ein jentetur i Castro! ha det framleis flott. De er flinke!

Anonym sa...

...tenk at du bli paospandert middag ao ein professor Inghild.. Djises :)