mandag 21. juli 2008

Nok ei helg over..

Daa var nok ei fabelaktig helg over her i San Francisco. Helga starta mindre bra med at Ingunn vart sjuk torsdagskvelden med kraftig feber, hovudverk og kvalme, ho vart heime fraa jobb paa fredag. Til lunsj paa fredag inviterte Jason, ein kollega, meg og to andre med paa Copenhagen Bakery som ligg i ein naboby til her me arbeidar. Det var veldig kjekt, og godt med skandinavisk mat! Me avslutta lunsjen med bloetkake :)
Sidan Ingunn vart sjuk tok me det roleg paa fredagskvelden. Eg vart med Kristoffer og Fredrik paa joggetur rundt Lake Merced, ca 1 mil, noko som var ganske langt ettersom det er ei stund sidan eg har vore paa ein skikkeleg joggetur.. Men godt var det!! :) Etterpaa aat me middag hjaa gutane og slappa av i leiligheiten deira.
Paa laurdag satte Ingunn, eg, Lars (kompis av Ingunn), Jon Petter og ein kompis av Jon Petter som var paa besok fraa LA, kursen mot Russian River nord for San Francisco. Me pakka PT'n klar for road trip og satte avgaarde. Me havna i Healdsburg, der me leigde kanoar og kosa oss paa Russian River heile dagen. Det var nydeleg vaer og kjempegod temperatur i vatnet, ein kunne berre rulle ut av kanoen og bade. Deilig! :) Det var ein svaert idyllisk tur og kjempe avslappande :)

Etter kanoturen fann me oss eit hotell, der me fekk leigd oss eit hotellrom. Me enda opp med eit rom som faktisk hadde jacuzzi i stova! Ikkje domt :) Me gjekk ut og aat god mexicansk middag foer me tok oss eit kveldsbad i jacuzzien ute paa hotellomraadet.
Paa sondag viste me ikkje heilt kva me ville og kor me skulle reise. Saa me bestemte oss for aa sette kursen mot ClearLake. Me koyrde i vel 1,5 time foer me fann ClearLake State Park der me kjopte oss baderingar og laag og duppa i vatnet ei god stund... :) Der var det deilige 30+ grader! Om ettermiddagen fann me ein fin grillplass der me hadde ein skappeleg amerikansk BBQ (kompisen til JP fiksa sakene!). Mette og fornogde satte me kursen tilbake mot San Francisco. Alle var svaert fornogd med turen, og Ingunn var blitt litt friskare... Mission accomplished :)

I dag er eg tilbake paa jobb. I kveld skal me lese case til tirsdag og torsdag, samt gjere unna litt klesvask. I morgo og torsdag er det forelesning paa Berkeley, og onsdagskveld er heile gjengen invitert til Wikia (ei av bedriftene 4 stk arbeider i) til vinsmaking.. Spennande :) Og plutsleg er denne veka over ogsaa... Joss kor tida gaar! 5 veker igjen i SF..

Haapar alt staar bra til heime!
Heia Kaapplombi paa bilrebusen!!! :)

Eg e STOLT!

Og foer dikka so lese bloggen min, men ikkje den no O beromte porten.no, sjekk ut:
http://porten.no/eway/default.aspx?pid=243&trg=Main_5631&Main_5631=5643:56777::0:5642:1:::0:0

Ingen kommentarer: