mandag 4. august 2008

Segltur paa the Bay og tur til Alcatraz!

Har hatt ei heilt fantastisk helg i San Francisco. Kunne verkeleg ikkje bedd om meir. Helga starta roleg med avslapping og klesvask "heime" paa Parkmerced. Ingunn og eg tok oss ein tur paa kjopesenteret, der eg endeleg vart den stolte eigar av Macbook Air. My baby! Heilt nydeleg, og kjempefornogd saa langt! :)

Paa laurdag var me invitert paa segltur paa the Bay av Innovasjon Norge. Dei hadde leigd ein katamaran med plass til 35 stk. Det var ein nydeleg dag, sola skein, og det var flott utsikt. Me slappa av paa baaten med ei pils i haanda, ingenting kunne vaert bedre! Me segla rundt Alcatraz, over til Sausalito , og under Golden Gate Bridge. Fekk sett mykje!
Etter seglturen inviterte Arne, ein norsk-amerikanar som kjenner folka i Innovasjon Norge her, oss paa yacht club'en der han hadde seglbaaten sin liggande. Den laag paa Tiburon, saa me tok baat over dit igjen etter seglturen enda ved Pier 39 i San Francisco. Det var stor stas aa sitte paa yacht club i sola med ein Mojito i haanda. Svaert saa idyllisk! :)
Om kvelden hadde me vorspiel heime i leiligheiten og enda kvelden paa ein uteplass som var eigd av ein som Arne kjenner. Me kom gratis inn ved aa bruke passordet "Spirit of Norway", hehe!

I gaar, sondag, var Hilde, Ingunn, Marit og eg paa Alcatraz. Ein kompis av Nora var ogsaa med oss. Det var nok ein nydeleg dag, og veldig kjekt aa vere paa Alcatraz. Me tok audiotour gjennom Cell House, og fekk sett mykje. Svaert mange inntrykk!

Som de sikkert forstaar, saa har det vore ei meget bra helg. No er det berre 3 veker igjen i San Francisco, og to helgar. No til helga skal me til Las Vegas. Avreise tordagskveld. Det blir moro! Paa onsdag skal Ingunn og eg paa baseballkamp med jobben, teambuilding :) Veka kjem nok til aa gaa fort.
I morgo skal me ha siste gjennomgang av forretningsideen vaar paa Berkeley foer eksamen. Paa tide aa starte aa skrive.... Mykje som skal gjerast!!

Saknar alle heime, gledar meg til aa treffe alle igjen!
Klem, Inghild.

Ingen kommentarer: