fredag 22. mai 2009

Haust!

Då var hausten kommen til Perth. Nokon seier at det var på tide, andre syns det er litt kjipt! Eg syns det var greitt. Eksamensperioden nærmar seg og det er på tide å opne bøkene. Då er det greitt med vind og regn ute.



Flott utsikt frå the Mansion!

mandag 18. mai 2009

onsdag 13. mai 2009

Det kvardagslege liv...

Det har vore mykje blogging om strand og diverse festligheitar i det siste. Sidan eg brukar mykje av tida mi på skulen om dagen, og heilt sikkert kjem til å gjere det også i nær framtida sidan eksamenstida nærmar seg, så tenkte eg det var på tide med litt bilder frå UWA campus. Campus er kjempestort og utruleg flott.
Here it goes:


Inngangen på skulen





Her brukar eg store delar av tida mi: Biblioteket!



Eg har blitt stamgjest på denne kafeen.




Haustfargar i Perth.


James Oval. Her spelar dei alt frå Cricket til Football.



Drivhusa på campus!


Dette semesteret opna UWA sin nye Business School. Flott!




Etter ein lang dag på skulen er det godt å komma tilbake til Mosman Mansion (som ligg i 5.etasje i dette nydelege leiligheitsbygget).


Populært kalla Bel Air.



Kan ellers rapportera om at alt er fortsatt bra. Litt umotivert og smålei skulen i dag, men alt går seg nok til. Ingenting ein joggetur på stranda ikkje kan kurere! See ya!

søndag 10. mai 2009

Beachvolley & fest

På laurdag var me på beachvolleyballturnering saman med dei internasjonale studentane frå UWA. Me var opp mot 40 stk og det var god stemning på beachen heile dagen.



Skal ikkje sei noko på innsatsen i alle fall....



Ingvild & Lillian :)


Beachvolley i solnedgangen i Perth er ikkje å forakta...



Laurdagskvelden vart det tur på byen saman med ein gjeng internasjonale studentar (sjølv om me var nok overvekt med norske der...;).




Jentene frå Mosman Mansion køyre stil....



Håpa alt står bra til heime,
og lykke til med konfirmasjonsdagen i dag! :)

onsdag 6. mai 2009

Ein litt dårlig dag..

Om ein har ein litt dårlig dag.. om ein e litt sleten, trøytt, umotivert og lei. Litt sånn som eg hadde det i dag - oppgåvene tar ingen ende og det e berre slitsomt å begynna...
Då e det veldig kjekt å kunna ta turen hit:





Og plutsleg va dagen so mykje bedre!

:)