fredag 5. juni 2009

Eksamenstid..

Då er eksamenstida kommen til Perth og UWA.. Dagane går stort sett med til lesing. Eg har fyrste eksamen torsdag 11., og deretter går det slag i slag med eksamen fredag 12. og siste eksamen 17.juni. Altså under 1 veke til fyrste eksamen og det er mykje teori som skal lærast. Som du kanskje forstår så blir det ikkje tid til så mykje spennande i kvardagen, men litt klarar me å presse inn;) Det vart surfing på oss igjen tirsdagsmorgonen og kino med ein gjeng tysdagskvelden. Onsdagskvelden var Erlend og Øyvinn på middagsbesøk og gitarkurs for Siri. Og i kveld, fredag, blir det ein (liten) tur på Little Creatures for å feire bursdagen til Giulia, ei jente i klassen til Siri. Helga kjem nok til å gå med til lesing, men på søndag skal eg på AFL (Australian Football) - kamp sammen med Lillian, Tonje og ein gjeng.

Dagane går og eg kan nesten ikkje tru at det er 2 veker til eg skal heim...
Kan du?
Siri reiser heim neste fredag og eg blir åleine igjen i leiligheiten. Det blir rart! Men det blir nok mykje lesing fram til siste eksamen og mykje sosialt siste dagane før eg set kursen heim til Norge. Så eg overlever nok!
Har veldig blanda følelsar for å reise heim, men skal bli godt å komme heim til sumar i Lærdal, treffe alle igjen og ha sommarferie!
Eg er lei av å få spørsmålet, så her er svaret ein gong for alle: NEI, eg har ikkje sommarjobb i år. Eg skal nyte ferien, gå turar i fjellet, til Stadt å surfe, stå på ski i Stryn, vere med Bess og vere masse med venne og familie:) Eg gledar meg!

Håpa alt står bra til heime, dei fleste har sommarferie har eg skjønt... ENJOY :)

Ingen kommentarer: