søndag 31. mai 2009

Surf!

I dag tidleg sette Siri, Viktor og eg kursen mot Scarborough (20 min nord for oss) for å surfe. Verken Siri eller eg har surfa veldig mykje før og i dag var bølgene store... av den grunn vart det mykje deng på oss begge. Siri kom heim med blå nase! Men me prøver så godt me kan og me gir ikkje opp kampen mot bølgene. Artig var det i alle fall! Bildene fortel nok det meste:


Det er viktig å kartlegge forholda før ein går uti



Litt turrtrening er også lurt!



This is how we do it!






Siri fekk erfare at ein må berre vike når nokon har tatt bølga før ein....



Går det her bra???



Nei.....



Viktor kan sakene sine!




Ellers har me hatt ei fabelaktig helg med fest på fredag, shopping med litt sosialt på kvelden i går og surfing i dag. Livet i Perth er ganske fantastisk! Det har begynt å gå opp for oss alle at me snart skal heim og det er sjølsagt veldig trist... Men samtidig skal det bli godt å komme heim å treffe alle igjen! :) For dei som held telling: kun 3 veker til avreise Norge i dag..
Sumar i Lærdal blir fint det:)

Ingen kommentarer: