onsdag 18. februar 2009

Gladnyheit: Leiligheit er i boks! :)

Då var endeleg leiligheiten i boks. Tilfeldigvis fann eg ut at eg ville kjøpe West Australian (avis som kjem ut på laurdagar med haugevis av annonsar) forrige laurdag. Det viste seg å vere eit lykketreff! Der fann me ein annonse på ein leiligheit i Mosman Park, Siri ringte, ei særs hyggeleg dame svarde (Sarah) og me fekk ordna visning. Eg reiste på visning mandag (i går), og leiligheiten viste seg å vere midt i blinken for oss. Den er fullt møblert (inkl. alt ned til tallerkar og steikepanne!), ligg genialt plassert nær både togstasjon og bussruter, basseng i hagen og har to store soverom. :) Sarah var svært positiv og i dag møtte eg ho for å levere søknaden vår. Me sat å prata i nesten 45 min og ho fortalte at ho ville gje leiligheiten til oss; LYKKE! :) Så på fredag flyttar me inn i vår nye leiligheit i Mosman Park. Det blir digg. Endeleg kan me pakke ut av bag og koffert, og få litt orden på livet. Ser verkeleg fram til det!



Kjøkken



Endå meir kjøkken


Basseng i hagen, not bad!



Stova med balkong



Eit av to soverom. Kingsize bed! :)


Ellers har eg vore på skulen både i går og i dag. Det er no Orientation Week, som inkl både internasjonale og 1.klassingar ved UWA. Mykje info blir litt unødvendig for oss internasjonale, som jo er 3.-4.klassingar, sidan mykje info går på det å starte på universitet, korleis det er forskjellig frå high school osv. I dag vart ein kort dag på skulen, så eg tok ein tur på stranda etter møtet med Sarah. I morgo skal eg også på stranda, med Iren og Turid, som også egentleg går på Ås:) Livet er i grunn ganske godt her.



Håpar alt står bra til heime!

4 kommentarer:

Anonym sa...

Gratulera!!! Saog heilt fantastisk fin ut!:-) Kjekt å fylgja med pao bloggen din Inghild! Klem

Anonym sa...

OOhh.. Nice casa :)

Anonym sa...

Herregud, eg er så sjukt misunnelig på det bassenget!!!!!

Anonym sa...

Takk, takk! :)
Me e veldig godt nogde, med baade leiligheiten og bassenget;) Ikkje ere langt t Cottesloe beach heller (som e den mest populaere stranda her), ca 1.5 km:)D e ein fin joggetur d:)