fredag 6. februar 2009

The life so far down under!

Då va me på plass i Aussie-land! Turen ned gjekk overraskande bra. Plutseleg var me i Hong Kong, og raske 7 timar etterpå var me i Perth! Eg hadde aldri trudd at alt skulle gå så bra:) Vel på plass, og etter litt om og men, så sovna me begge ganske raskt i sengene våre på hostellet (som forøvrig ligg rett på stranda i Cottesloe).

Fyrste dagen i Perth brukte me på litt ordning og fiksing. Fekk blant anna ordna nytt mobilnummer (som frå Norge er +61420749684), og litt andre småting som måtte ordnast. Me reiste difor til byen ein tur, som er ein ca 20-minutters busstur frå hostellet vårt. Byen er kjempefin og alle er så hyggelege og venlege! Ingen stressar rundt, og alt er veldig avslappande. Her kan eg like meg:) Ettermiddagen brukte me på stranda;)

I dag begynte Siri på skulen. Eg har fortsatt fri, og skal ikkje starte før neste onsdag (11.feb). Eg vart med eit par av jentene me bur på rom med på stranda på formiddagen. Det er fabelaktig å kunne legge seg på stranda å slappe av i eit par timar i sola, før ein gjer andre ting:) Etter strandturen tok eg og ei tysk jente me bur på rom med, turen til byen for å sjå på UWA (universitetet der eg skal gå). Campus er kjempestort og skikkeleg flott! Det er store grasplenar og parkar, og flotte bygningar. Gledar meg til å starte! Eg var innom international centre for å sei hei og hente velkomstpakka mi. Etter besøket på UWA gjekk me ein tur i Kings Park, som er ein kjempestor park like ved byen.

Me har enno ikkje funne oss plass å bu, men me arbeider iherdig med saken. Brukar internett aktivt, og har ringt og sendt epost til fleire. Me satsar på at det ordnar seg snart! Det er i alle fall godt å vere to om saken:)
Forøvrig så har me ikkje trådlaust internett på hostellet og eg får difor ikkje nytta skype, facebook og alt det så aktivt før eg får anna bustad. ;)

Eg kan, som de kanskje har skjønt, rapportere om flotte forhold i Perth. Her kjem eg til å trivst! Sjølv om saknet heim til mine kjære har vore sterkt dei siste dagane, så går det seg nok til!

Håpar alt står bra til heime! :)

PS: Meir bilde kjem seinare....

Ingen kommentarer: