Ting skjer i Perth om dagen. Forrige veke gjekk før eg fekk sukk for meg. Eg hadde eksamen torsdag og fredag, og eg trur begge gjekk greitt. Eg har siste eksamen fyrstkommande onsdag, so no er det berre å holde ut og lese 2 dagar til før eg får sommarferie:)
På fredag sette Siri kursen tilbake til Norge. Det var både trist og rart sidan Siri og eg har stort sett vore saman i 5 mnd no.. Heldigvis for meg har eg fått to nye kjekke sambuarar, som skal bu med meg til eg reiser, Tonje og Lillian:) Til ære for Siri så stelte me i stand avskjeds-/hattemiddag i Mossy Mansion på fredag med godgjengen. Det vart både pizza og raudvin.
Til slutt måtte dessverre Siri ta av seg hatten og takke for seg..
I går, laurdag, var me ute og åt middag for å feira bursdagen til Astrid:)
Jammen har det ikkje dukka opp årdøler i Perth og... Morten, som eg gjekk på vidaregåande med, og kjæresten, Elin, skal studere i Perth dei neste 3 åra (heldiggrisane....).
Etter bursdagsmiddagen reiste me på rugbykamp, Sydney vs. Melbourne. Skjønte lite i begynnelsen, men takka være ein snill aussie foran oss, fekk me ein viss forståelse til slutt:)
Jajaja... Det nærmar seg styggfort slutten folkens. 1 veke til avreise as we are speaking!!
Gardermoen kl 22.30 mandag 22.juni! TJOHOOO!