På fredag sette Siri kursen tilbake til Norge. Det var både trist og rart sidan Siri og eg har stort sett vore saman i 5 mnd no.. Heldigvis for meg har eg fått to nye kjekke sambuarar, som skal bu med meg til eg reiser, Tonje og Lillian:) Til ære for Siri så stelte me i stand avskjeds-/hattemiddag i Mossy Mansion på fredag med godgjengen. Det vart både pizza og raudvin.




Til slutt måtte dessverre Siri ta av seg hatten og takke for seg..

I går, laurdag, var me ute og åt middag for å feira bursdagen til Astrid:)


Jammen har det ikkje dukka opp årdøler i Perth og... Morten, som eg gjekk på vidaregåande med, og kjæresten, Elin, skal studere i Perth dei neste 3 åra (heldiggrisane....).

Etter bursdagsmiddagen reiste me på rugbykamp, Sydney vs. Melbourne. Skjønte lite i begynnelsen, men takka være ein snill aussie foran oss, fekk me ein viss forståelse til slutt:)



Jajaja... Det nærmar seg styggfort slutten folkens. 1 veke til avreise as we are speaking!!
Gardermoen kl 22.30 mandag 22.juni! TJOHOOO!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar