fredag 19. juni 2009

I'm coming home!

Då var eksamnane overstått, sommarferien er eit faktum og eg skal om få dagar sette kursen mot Norge! Eksamensfestivalen er i gang og me nyt siste dagane i Perth, dag som natt! =)
2 dagar igjen!


Eg reiser i frå fantastiske Perth.....





...men eg kjem heim til vakre, vene LÆRDAL =)





Me SJÅAST! =)

mandag 15. juni 2009

Herlige Mosman Beach!

Ein av dei tinga eg definitivt kjem til å sakna mest no når eg reiser heim er stranda. Ingenting er so deilig som å kunne ta seg ein joggetur på stranda som ein pause frå eksamenslesingen... Det er meldt dårleg vær dei siste dagane mine i Perth (sjølsagt!) og eg tok difor med meg kamera på tur i dag i fare for at det vert ein av dei siste turane i godværet på stranda. Viktig å ha noko å kunne sjå tilbake på når hausten kjem i Norge....





6 dagar igjen!

søndag 14. juni 2009

Eksamen, farvel, bursdag og rugby!

Ting skjer i Perth om dagen. Forrige veke gjekk før eg fekk sukk for meg. Eg hadde eksamen torsdag og fredag, og eg trur begge gjekk greitt. Eg har siste eksamen fyrstkommande onsdag, so no er det berre å holde ut og lese 2 dagar til før eg får sommarferie:)
På fredag sette Siri kursen tilbake til Norge. Det var både trist og rart sidan Siri og eg har stort sett vore saman i 5 mnd no.. Heldigvis for meg har eg fått to nye kjekke sambuarar, som skal bu med meg til eg reiser, Tonje og Lillian:) Til ære for Siri så stelte me i stand avskjeds-/hattemiddag i Mossy Mansion på fredag med godgjengen. Det vart både pizza og raudvin.





Til slutt måtte dessverre Siri ta av seg hatten og takke for seg..




I går, laurdag, var me ute og åt middag for å feira bursdagen til Astrid:)



Jammen har det ikkje dukka opp årdøler i Perth og... Morten, som eg gjekk på vidaregåande med, og kjæresten, Elin, skal studere i Perth dei neste 3 åra (heldiggrisane....).



Etter bursdagsmiddagen reiste me på rugbykamp, Sydney vs. Melbourne. Skjønte lite i begynnelsen, men takka være ein snill aussie foran oss, fekk me ein viss forståelse til slutt:)





Jajaja... Det nærmar seg styggfort slutten folkens. 1 veke til avreise as we are speaking!!
Gardermoen kl 22.30 mandag 22.juni! TJOHOOO!

fredag 5. juni 2009

Eksamenstid..

Då er eksamenstida kommen til Perth og UWA.. Dagane går stort sett med til lesing. Eg har fyrste eksamen torsdag 11., og deretter går det slag i slag med eksamen fredag 12. og siste eksamen 17.juni. Altså under 1 veke til fyrste eksamen og det er mykje teori som skal lærast. Som du kanskje forstår så blir det ikkje tid til så mykje spennande i kvardagen, men litt klarar me å presse inn;) Det vart surfing på oss igjen tirsdagsmorgonen og kino med ein gjeng tysdagskvelden. Onsdagskvelden var Erlend og Øyvinn på middagsbesøk og gitarkurs for Siri. Og i kveld, fredag, blir det ein (liten) tur på Little Creatures for å feire bursdagen til Giulia, ei jente i klassen til Siri. Helga kjem nok til å gå med til lesing, men på søndag skal eg på AFL (Australian Football) - kamp sammen med Lillian, Tonje og ein gjeng.

Dagane går og eg kan nesten ikkje tru at det er 2 veker til eg skal heim...
Kan du?
Siri reiser heim neste fredag og eg blir åleine igjen i leiligheiten. Det blir rart! Men det blir nok mykje lesing fram til siste eksamen og mykje sosialt siste dagane før eg set kursen heim til Norge. Så eg overlever nok!
Har veldig blanda følelsar for å reise heim, men skal bli godt å komme heim til sumar i Lærdal, treffe alle igjen og ha sommarferie!
Eg er lei av å få spørsmålet, så her er svaret ein gong for alle: NEI, eg har ikkje sommarjobb i år. Eg skal nyte ferien, gå turar i fjellet, til Stadt å surfe, stå på ski i Stryn, vere med Bess og vere masse med venne og familie:) Eg gledar meg!

Håpa alt står bra til heime, dei fleste har sommarferie har eg skjønt... ENJOY :)