mandag 27. april 2009

Rapport frå helga:)

Verkeligheiten slo meg hardt forrige mandag. Tilbake i Perth etter to veker med moro på New Zealand venta essay, gruppeoppgåver og lesing. Ingen tvil om at det er nok å gjere! Heldigvis klarar me å ha det litt moro innimellom, og helga har gått med til blant anna øl og pizza på Little Creatures (mikrobryggeri i Freo), tur på Australian Football match, strandliv og Sunday Session på Cottesloe. Sunday Session på Cottesloe er eit artig fenomen i Perth. Folk går rett frå stranda til Cottesloe hotell for øl, fest og moro. I går var sesongens siste og det var stappfullt med folk. God stemning og mykje moro! :)

På laurdagskvelden reiste eg på Australian Football match med sju andre internasjonale som eg har blitt kjent med her. Australian football er ein blanding mellom soccer og rugby. Interessant sport!




Dei seie det er blitt haust her....



Me er litt uenige i det..




No venta ei ny veke med diverse skulearbeid. Værmeldingen vise ganske greitt vær, så spørst om det ikkje blir ein tur på stranda innimellom hardkøyret:)

Ingen kommentarer: