tirsdag 14. april 2009

Roadtrip!

Då var me på vegen komne.. I går (mandag) sette me kuren sørover. Fyrste stopp vart Hobbiton (JA, faktisk! Der Hobbitt-land i Ringenes Herre vart spelt inn!). Me meldte oss på tour og fekk sjå heile Hobbittland - kjempeflott! :)

Etter stoppen i Hobbiton køyrde me vidare til Rotorua. Der hadde me booka oss inn på hostell for eit par netter. Kvelden brukte me til planlegging av dei kommande dagars aktivitetar.. Rotorua er nemleg ein særs populær plass for turistar, og spesielt backpackarar i NZ, og her kan ein gjere alt frå bungy, skydiving, rafting, sledging osv osv. Nok å gjere på og det skulle vise seg at det ikkje var noko problem å fylle dagane her...

Me kom oss opp tidleg i dag og fekk booka oss inn på rafting. Noko så moro har eg ikkje gjort på lenge!! For eit kick!:) Me rafta i godt og vel 1 time, blant anna ned eit 7 meter fossefall..
Bilder kjem......:)
I kveld reiste me på Maori (urbefolkningen på NZ) "show" med tradisjonell Maori middag. Veldig lærerikt og artig! Fekk sett ulike dansar, dei viste oss våpna dei brukte og korleis dei brukar dei osv. Ikkje noko ein ser kvar dag.. Heitt tips: Sjekk ut Maori Haka på youtube!

Ingen tvil om at Rotorua har levd opp til forventningane. I morgo set me kursen litt lenger sørover for varme kjelder, diverse mud spots osv. Området rundt Rotorua er nemleg eit "Thermal Area" og har utallige "hot spots" osv. Me har booka oss inn på hostell i Taupo for (foreløpig) ei natt. Taupo er også ein plass for ulike aktivitetar for å få adrenalinet i gang, og du skal ikkje sjå vekk i frå at det kan rapporterast om bungy eller skydiving på neste bloggpost....

2 be continued.



(Bilete kjem seinare..dårleg internett...)

Ingen kommentarer: