fredag 6. februar 2009

The life so far down under!

Då va me på plass i Aussie-land! Turen ned gjekk overraskande bra. Plutseleg var me i Hong Kong, og raske 7 timar etterpå var me i Perth! Eg hadde aldri trudd at alt skulle gå så bra:) Vel på plass, og etter litt om og men, så sovna me begge ganske raskt i sengene våre på hostellet (som forøvrig ligg rett på stranda i Cottesloe).

Fyrste dagen i Perth brukte me på litt ordning og fiksing. Fekk blant anna ordna nytt mobilnummer (som frå Norge er +61420749684), og litt andre småting som måtte ordnast. Me reiste difor til byen ein tur, som er ein ca 20-minutters busstur frå hostellet vårt. Byen er kjempefin og alle er så hyggelege og venlege! Ingen stressar rundt, og alt er veldig avslappande. Her kan eg like meg:) Ettermiddagen brukte me på stranda;)

I dag begynte Siri på skulen. Eg har fortsatt fri, og skal ikkje starte før neste onsdag (11.feb). Eg vart med eit par av jentene me bur på rom med på stranda på formiddagen. Det er fabelaktig å kunne legge seg på stranda å slappe av i eit par timar i sola, før ein gjer andre ting:) Etter strandturen tok eg og ei tysk jente me bur på rom med, turen til byen for å sjå på UWA (universitetet der eg skal gå). Campus er kjempestort og skikkeleg flott! Det er store grasplenar og parkar, og flotte bygningar. Gledar meg til å starte! Eg var innom international centre for å sei hei og hente velkomstpakka mi. Etter besøket på UWA gjekk me ein tur i Kings Park, som er ein kjempestor park like ved byen.

Me har enno ikkje funne oss plass å bu, men me arbeider iherdig med saken. Brukar internett aktivt, og har ringt og sendt epost til fleire. Me satsar på at det ordnar seg snart! Det er i alle fall godt å vere to om saken:)
Forøvrig så har me ikkje trådlaust internett på hostellet og eg får difor ikkje nytta skype, facebook og alt det så aktivt før eg får anna bustad. ;)

Eg kan, som de kanskje har skjønt, rapportere om flotte forhold i Perth. Her kjem eg til å trivst! Sjølv om saknet heim til mine kjære har vore sterkt dei siste dagane, så går det seg nok til!

Håpar alt står bra til heime! :)

PS: Meir bilde kjem seinare....

mandag 2. februar 2009

Hyttetur siste helga før avreise!












Takk for turen, folkens!! :)

onsdag 28. januar 2009

Ting fell på plass..

Det meste skal vere i orden før avreise no. I går kveld booka eg oss inn på eit hostell som ligg på Cottesloe Beach i Perth..ser verkele bra ut!
Har booka oss inn for dei 4-5 fyrste nettene..så har me bustad til over fyrste helga iallefall;)

mandag 26. januar 2009

Nytt navn på bloggen!

Inghild goes to Perth!! :)

Ei veke til avreise... Countdown!

søndag 4. januar 2009

Inghild i Perth, Australia!

Då er det faktisk kun ein liten mnd til eg set kursen mot Perth og Australia. Kanskje på tide å skifte navn på bloggen snart? Will do. Men ikkje heilt endå. Skal nyte januar heime i Lærdal, arbeide som vikarlærar på Borgund barne-og ungdomsskule, samt nokre dagar i barnehagen på Øyri. Stas! Ser fram til det:) Skal elles slappe av og prøve å stå ein del på ski. Australia nærmar seg, men merkar at det ikkje heilt har gått opp for meg at eg faktisk skal dit og vere der i eit halvt år..Men moro blir det nok!

Ellers; Godt nytt år til alle! :)

mandag 4. august 2008

Segltur paa the Bay og tur til Alcatraz!

Har hatt ei heilt fantastisk helg i San Francisco. Kunne verkeleg ikkje bedd om meir. Helga starta roleg med avslapping og klesvask "heime" paa Parkmerced. Ingunn og eg tok oss ein tur paa kjopesenteret, der eg endeleg vart den stolte eigar av Macbook Air. My baby! Heilt nydeleg, og kjempefornogd saa langt! :)

Paa laurdag var me invitert paa segltur paa the Bay av Innovasjon Norge. Dei hadde leigd ein katamaran med plass til 35 stk. Det var ein nydeleg dag, sola skein, og det var flott utsikt. Me slappa av paa baaten med ei pils i haanda, ingenting kunne vaert bedre! Me segla rundt Alcatraz, over til Sausalito , og under Golden Gate Bridge. Fekk sett mykje!
Etter seglturen inviterte Arne, ein norsk-amerikanar som kjenner folka i Innovasjon Norge her, oss paa yacht club'en der han hadde seglbaaten sin liggande. Den laag paa Tiburon, saa me tok baat over dit igjen etter seglturen enda ved Pier 39 i San Francisco. Det var stor stas aa sitte paa yacht club i sola med ein Mojito i haanda. Svaert saa idyllisk! :)
Om kvelden hadde me vorspiel heime i leiligheiten og enda kvelden paa ein uteplass som var eigd av ein som Arne kjenner. Me kom gratis inn ved aa bruke passordet "Spirit of Norway", hehe!

I gaar, sondag, var Hilde, Ingunn, Marit og eg paa Alcatraz. Ein kompis av Nora var ogsaa med oss. Det var nok ein nydeleg dag, og veldig kjekt aa vere paa Alcatraz. Me tok audiotour gjennom Cell House, og fekk sett mykje. Svaert mange inntrykk!

Som de sikkert forstaar, saa har det vore ei meget bra helg. No er det berre 3 veker igjen i San Francisco, og to helgar. No til helga skal me til Las Vegas. Avreise tordagskveld. Det blir moro! Paa onsdag skal Ingunn og eg paa baseballkamp med jobben, teambuilding :) Veka kjem nok til aa gaa fort.
I morgo skal me ha siste gjennomgang av forretningsideen vaar paa Berkeley foer eksamen. Paa tide aa starte aa skrive.... Mykje som skal gjerast!!

Saknar alle heime, gledar meg til aa treffe alle igjen!
Klem, Inghild.