mandag 7. juli 2008

Los Angeles!

I helga har heile gjengen vore til Los Angeles. For ein tur! Eg har nesten ikkje ord for kor kjekt det har vore. Deilig med ein skikkeleg ferie! :)
Me satte kursen sorover paa onsdagskvelden. Ingunn, Nora, Hilde og eg koyrde PT cruiseren vaar i folge med to andre gutebilar. Etter aa ha koyrd i vel 4 timar stoppa me i ein liten by med navn St Louis, og overnatta der paa eit motell til dagen etterpaa. Me sto tidleg opp paa torsdag og kom oss avgaarde etter ein skappeleg amerikansk frukost. Etter aa ha vore paa vegen i nokre timar stoppa me i Santa Barbara og la oss paa stranda der. Som de kanskje har lest i media heime, er det mange skogbrannar i California no og omraadet er erklaert som katastrofeomraade. I Santa Barbara fekk me oppleve dette paa naert hold. Heile byen var dekka av royk (ikkje fullt saa gale utved standa) og ein saag royken steig opp fraa fjellsidene. Det var veldig ekkelt og egentleg litt uverkeleg. Etter nokre timar paa stranda satte me kursen mot LA. Me var framme ca kl 7 ved hotellet (vaar bil fann fram fyrst;). Me hadde booka oss inn paa suiter paa hotellet og Ingunn og eg delte ei suite saman med 4 andre gutar. Det gjekk kjempegreitt, og me hadde to store soverom med kvar sitt bad og ei seng paa stova. Etter aa ha slappa litt av i jacuzzien paa hotellet, tok me oss ein tur ut for aa sjekke livet :)

Paa fredag var det tid for sightseeing. Det var nesten litt uverkeleg naar eg plutsleg sto og saag rett paa Hollywood skiltet som ein har sett saa mange gonger paa tv. Det var utruleg artig aa sjaa Hollywood og Beverly Hills! Eg koyrde faktisk bilen, saa eg kan no sei at eg har koyrd bil i LA! Ikkje daarleg berre det :) Me aat lunsj i Hollywood og gjekk Walk of Fame. Alt det obligatoriske ein maa gjere i Hollywood. :)
Fredagskvelden var me invitert paa BBQ til Jenna, ei venninne av Ida som er med GS -gjengen her. Me fekk difor oppleve ekte amerikansk feiring av 4th of July, noko som var veldig moro! Det var mykje god grillmat, oeltonne, raude plastglas (som er oblig paa slike festar i USA!) og mykje kjekke folk. Kl 9 gjekk alle ned paa stranda for aa sjaa paa fyrverki. Me var ikkje spesielt imponert av fyrverkeriet, men det var kjekt aa vere paa stranda. Etter fyrverkeriet gjekk me opp igjen til Jenna og fortsatte festen.... :)

Paa laurdag var alle ganske slitne, men me kunne ikkje ligge paa latsida fordiom;) Me kom oss opp, laag litt ved bassenget foer me kom oss avgaarde paa ein biltur til Beverly Hills. Der tok me oss ein gaatur paa Rodeo Drive, som er shoppinggata til alle kjendisane. Du kan nok sjol tenke deg kva slags butikkar som laag der, og eg kan sei at det var ikkje Hennes&Mauritz...! ;) Ein kjole kunne ligge paa 50 000 norske kr og oppover. Sjukt!
Etter litt sightseeing paa Rodeo Drive koyrde me til Santa Monica og slappa av der resten av dagen.
Laurdagskvelden fann gutane ut at dei ville prove seg paa ein fancy klubb i Hollywood. Oss jentene som budde paa hotellet sammen med dei, var sjolsagt med. :) Me ordna oss inngang paa ein klubb som heitte Goa der me fekk bord i VIPomraadet og to spritflasker paa bordet med alt blandevatnet ein ville ha. Det vart ein dyr kveld, men jammen verdt det!! Me hadde det skikkeleg moro, og eg kjem nok ikkje til aa oppleve ein slik klubb igjen med det fyrste! :)

Sondag var me endaa meir slitne enn paa laurdag... det saag morkt ut paa morgonen, men me kom oss avgaarde i rimeleg tid. Me satte kursen mot SF og koyrde greitt heim paa 6-7 timar. Stoppa i Santa Maria for aa ete mat og kjope starbucks. Daa gjekk alt veldig greitt vidare :) Var heime i 9 tida i gaar kveld. Daa var det ganske godt aa legge seg i senga si!

I dag var det rimeleg hardt aa komme seg opp og paa jobb. Ingunn og eg koyrde innom Starbucks paa vegen til jobb, noko som pleier aa gjere susen :) I kveld skal me arbeide med ein presentasjon som me skal vise paa Berkeley i morgo ettermiddag. Dagane er fylt allerede!
Paa torsdag kjem Kjersti og Oyvind til byen. Det gledar eg meg veldig til! Blir kjekt aa faa besok og kunne vise fram byen. Ser fram til aa vere skikkeleg turist ei helg! :)

Set stor pris paa alle mailar og meldingar eg faar. Kjekt aa hoyre fraa dikka heime :)
Haapar alt staar fortsatt bra til heime!
Skal legge ut bilder i kveld.... :)

Ingen kommentarer: