tirsdag 29. juli 2008

Nytt fraa San Francisco!

Tenkte det kanskje var paa tide aa skrive eit lite innlegg igjen her.. Har hatt nok ei fabelaktig helg i San Francisco. Helga starta med middag, litt sightseeing og Cheescake Factory i Palo Alto saman med Lars, Jon Petter og Ingunn. Meget god start paa helga! Cheesecake Factory kan anbefalast! :)

Middag paa Il Fornio i Palo Alto.

Paa laurdag reiste me paa vinsmaking i Sonomo Valley. Det var saers idyllisk og fint. God vin ogsaa! Sjoel om eg koyrde bil, saa vart det litt smaking paa meg ogsaa :) Kjempefint vaer og 30+ grader gjorde godt!
Laurdagskvelden reiste me paa John Mayer konsert paa Shoreline Amphitheater i Mountain View. Det var ogsaa svaert fint og koselig. Sitte paa plenen saman med gode venner og hoyre god musikk inn i sumarnatta er ikkje feil! Me konkluderte med at det hadde vore ein knallfin dag :)

Paa sondag reiste eg paa shopping for meg sjolv. Det var litt godt aa faa litt Inghild-tid. Har ikkje blitt mykje av det dei siste to mnd. Fekk handla meg mykje, raida H&M og North Face.. Niketown fekk ogsaa gjennomgaa litt... :) Godt nogd!!
Paa ettermiddagen reiste Ingunn, Kristoffer, Eirik og meg paa sightseeing. Me saag "Full House" -husa, gjekk i Haight og koyrde gjennom Castro. Paa kvelden gjekk nokre av oss paa kino og saag Batman. Skikkeleg bra film! Den anbefalast :)
Ingunn og meg foran Full House husi :)

No er nok ei veka i gang..i gaar brukte me ettermiddagen og kvelden til aa lese til forelesning i dag, samt arbeide litt paa gruppeoppgaava vaar. Me har ekstremt mykje me skulle ha gjort naar det gjeld oppgaaver paa skulen, men det er mykje anna som fristar!! Men me skal nok komme oss gjennom det og :) I dag skal me ha nest siste forelesning paa Berkeley. Kjenner at det skal bli litt godt aa sleppe aa lese case kvar mandag og onsdag..Har ein del anna me skulle gjort.
I morgo har Lars bursdag, saa daa skal Ingunn og eg ned til Palo Alto og ete middag saman med han etter jobb.

Ellers kan eg vel konkludere dette innlegget ogsaa med at alt staar bra til her :)
Gledar meg til aa sjaa alle heime igjen!!
Haapar alt staar bra til :)

Ingen kommentarer: