søndag 22. februar 2009

Livet i Mosman Park

Då var me på plass i leiligheiten vår i Mosman Park. Livet er ganske godt her.

I går gjekk me til Cottesloe (som er den finaste stranda her), og brukte ca 30 min. I dag gjekk me til den nærmaste stranda vår. Det tok 10 min. :) Greitt å bu so nærme stranda!


På fredagsettermiddag flytta me inn. Det var utruleg deilig å endeleg få rydde ut av bag og sekk, og kunne få litt orden i ting. Me laga oss ein god kyllingsalat og delte ei vinflaske på balkongen vår.

I går var me i byen og fekk ordna internett. Etter mykje om og men fann me ut at den beste løysninga for oss var Mobile Broadband, som på ein enkel måte vil sei at me har internett på ein usb-stick:) Fungerar heilt greitt, og ikkje altfor dyrt. Etter byen tok me oss ein tur på stranda før me stakk heim og ordna oss klar for kvelden. Esther (jente som går på Murdoch Uni, frå South Australia), Turid og Iren kom på bbq og vorspiel. Veldig koslig! Me har grillar i ein liten park rett utanfor bygningen vår, som alle kan bruke når dei vil. Ikkje domt!


I dag har me ein roleg søndag heime. Siri har quiz på skulen i morgo og lese, mens eg slappar av;)
Det blir vel andre bollar for meg framover også.. I morgo startar skulen for alvor! Det blir spennande. Eg ser fram til å komme i gang, sjå korleis opplegget er og få litt rutine i kvardagen.
Tiden flyr og me har snart vore her i 3 veker. Eg kan nesten ikkje tru det! Før eg veit ordet av det skal eg vel heim..


Som de kanskje forstår; alt er fortsatt tipptopp her. :)
Korleis er ting heime?

1 kommentar:

Anonym sa...

Jau.. her heime snør me inne (igjen) og i går hadde me nesten brann i sikringsskåpet. Lukta svidd over heile huset og det gnistra og stod på i skåpet, så me måtte ta hovudsikringa og prøve å få tak i ein elektrikar som ville komme på ein laurdagskveld. Så me sat i mørkret i nokre timar med masse stearinlys og fyr i ovnen (var eigentleg ganske koseleg..!) til elektrikaren fekk fiksa ting. Så fekk me sjå Tone komme på andreplass i GP! Turid har besøk av ei veninne som har baka fastelavnsbollar til oss - heile 64 stk :) så det kosa me oss med i går kveld. Og no ventar me på sola! Foreløpig berre skodde og ganske rått.. Elles har me det bra!