fredag 27. februar 2009

Updates

Då var skulen i gang for alvor. Eg hadde mine fyrste forelesningar på mandag. Godt å komme i gang og artig å sjå korleis opplegget her blir. Slik det ser ut no så blir det nok travelt framover, så det gjeld å bruka tida rett (populært kalla time management skills).
Foreløpig tar eg følgande fag:

HRMT2237 - Human Resource Management
IREL2270 - Negotiation, theory and practice
MGMT3341 - International Managament

Eg manglar eit fag, er fram og tilbake mellom eit Australia-fag eller Health and Fitness. Finn nok ut av det i løpet av starten av neste veke. :)
Timeplanen er ikkje så aller verst, med torsdag og fredag fri. I alle fag har eg 2-3 assignments (innleveringar o.l.) som skal leverast og obligatorisk oppmøte på tutorials (øvingar på godt norsk?) som også tel med på endeleg sluttkarakter. Slutteksamen tel stort sett ikkje meir enn 50 %. I tillegg skal ein vere forberedt til alle forelesningane og ein har diverse anna lesing (artiklar osv.) til tutorials.
UWA er eit stort universitet og i dei fleste forelesningane mine er me 3-400 studentar. Litt meir enn kva eg er vand til frå Ås :) Blir ikkje så mykje spørsmål i forelesningane kan du sei. Men i tutorials er me langt færre, og då blir me vurdert etter kor aktive me er i timen osv. Her kan ein ikkje ligge på latsida, og eg har allereie hatt min fyrste tur på biblioteket for å lese..

På torsdag var Siri og eg på IKEA. Ja, dei har faktisk IKEA her og! Det var nesten som å komme "heim" når eg kom dit. Norsk varedeklarasjon på ting osv. Svenske kjøtbollar gjorde godt! :) Me fekk handla oss litt diverse; handkle, oppvaskkost (ikkje så lett å finne i vanleg butikk her), hylle til badet, sengetøy osv. I tillegg fekk Siri seg ei hylle til rommet; ho var godt nøgd når den var ferdig montert:)






Ellers har eg booka meg tur til New Zealand. Avreise 1.april og heimreise 19.april. I tillegg har Eirik booka tur til Cook Islands for oss frå 5.april i 5 netter. Sånn som det ser ut på bildene, så blir nok det heilt greitt;)




Eg har booka plass i denne hengekøya:

3 kommentarer:

Anonym sa...

Health and fitness!

Anonym sa...

Lucky U! Dao kan du feira min bursdag i akkurat den hengekøya :)
Men health & fitntness? Ha du skifta beite eller?..

Inghild sa...

Jepp, d va planen min Ingrid;) Ska ta ein skål før deg dao ja!!
Oh yeah, ha fånne ut at indøk ekje tingen. E vil bli treningsinstruktør!!! Hahaha..No way..:) Indøk is my thing. MÅ ha eit kurs t og dao kan e likso godt berre ta eit "lett",interessant og anleis enn indøk-fag:)