tirsdag 24. mars 2009

No more heimlengsel!

Då kan eg rapportera om at heimlengselen e lagt på hylla og livet er nok ei gong ganske godt i Perth. Tenkte eg skulle dele litt om korleis forrige helg utarta seg.
Helga starta fabelaktig på fredag med kitekurs, noko både Siri og eg fann svært artig. Me skal nok mest sannsynleg prøve igjen! :) Fredagskvelden var me invitert i bursdag til Ingvild, ei norsk jente som går på UWA. Me var på vorspiel hjå ho før me reiste ut på byen. Etter fredagens hendingar vart laurdag ganske roleg. Siri og eg hadde begge mykje skulearbeid me måtte gjere, så dagen vart nytta til det. Ein liten tur på stranda, samt ein joggetur klarde me å pressa inn i tidsplanen :) På søndag var det nok ei gong tid for skulearbeid, men eg kjente at motivasjonen ikkje var på topp og kva er betre då enn litt shopping?! Eg tok turen ned til Freo og fekk shoppa litt i frå meg. Godt nøgd med utfallet:) Søndagsettermiddag inviterte Kate, ei amerikansk jente i klassen, med meg på Sunday Session. Jada. Dei festar på søndagar her! Ganske artig i grunn:) Me var på Brisbane hotell i byen; god stemning og god mat & drikke, gjorde at ettermiddagen/kvelden vart suksess.

Ny veke, ny moglegheiter. Denne veka har eg mål om å få gjort mykje skulearbeid. Men ein kan ikkje slite seg heilt ut, så i morgon skal eg på fest hjå Kate. Tjoho!


Til Turid: I kveld skal eg på BodyBalance, aka YOGA! Oh yes, nytt og betre liv:)


Om 1 lita veke set eg kursen mot Nya Zealand og Eirik. Det ser eg fram til! Ferie på Cook Island blir GODT! :)
Håpa alt står fortsatt bra til heime! Keep me posted. :)

3 kommentarer:

Anonym sa...

Hei Inghild!
Eg er godt nøygd med at heimlengselen din er forbi, og at du prøver å halda body and mind in balance, da e viktig seie han frode! Store klem:-)

Anonym sa...

Hei!
Det ser ut som at du har kome til ein plass der finansuro og klisterføre ikkje er ein opsjon. Knip att augo, og håp at det er gått over til du er ferdig med studiane. Den siste boka eg kjøpte: "In good company", om sosial kapital av Cohen og Prusak, beskriv sosial kapital som ein avgjerande faktor i gode bedrifter. I dette ligg nettverk og kultur. Der scorar de høgt ser eg. Sjølv trivst eg framleis godt med pendlarlivet mellom Lærdal og Bergen/Stjørdal. Altså litt meir kortreist enn deg. Ha det fint!

Anonym sa...

Som tidligare uttalt, det er ingenting å sakne her. Fredag er det meldt om 15 cm snø her i Oslo, og me har begge vore sjuke denne veka.Vel, det einaste må vere at du går glipp av ein hei dundranes innflyttingsfest til helga. Skal gje oppdatering om korleis den gikk... Øyvind helsar!