lørdag 18. april 2009

Back to reality!

Då var ferien over, og det er på tide å sette kursen mot Australia og Perth igjen. Men fyrst ein oppsummering av dei siste vekene:

Cook Islands: Fantastisk! Ingen tvil om at stillehavsparadis verkeleg finst.. Sjekk ut tidlegare blogginnlegg og picasa for bilder!




Auckland: Me har hatt nokre dagar i Auckland innimellom turane våre. Tida her har me brukt til litt shopping, tur opp i Sky Tower, museumsbesøk, surfetur og tur ut til Piha (veldig kjent surfestrand). Sjekk ut bilder!




Roadtrip: Me satte kursen sørover mandag 13.april. Målet vårt denne dagen var Rotorua. På turen nedover stoppa me i Hobbiton der delar av Ringenes Herre er spelt inn. Kjempeartig å sjå! Vart guida rundt og fekk mykje artig info:) Etterkvart køyrde me vidare til Rotorua der me hadde hostell for eit par netter.


Tysdag 14.april bestemte me oss for å reise på rafting. Angra ikkje eit sekund på det! Rafta blant anna ned ein 7 meter høg foss. Litt av eit kick.. Bitt av basillen og kjem heilt sikkert til å rafte igjen! Tysdagskvelden reiste me på Maori-"show". Artig å sjå korleis Maoriane (som er urbefolkninga på NZ) har/hadde det. Fullt opplegg heile kvelden med velkomst, middag og guida tur i ein park (der me blant anna fekk sjå Kiwi-fuglen, nasjonalfuglen til NZ).




Onsdag 15.april pakka me oss ut av hostellet og satte kursen vidare sørover. Målet var Taupo, som ikkje er meir enn 1-2 timars køyring frå Rotorua. Me brukte god tid nedover og fyrste stoppen var ein vulkan som me gjekk til topps på. Ca 800 meter høg, og ca 1 time til toppen. Grei trimtur, og flott utsikt frå toppen! Då me kom ned igjen satte me kursen mot Wai-O-Tapu Thermal Wonderland. Heile området sørover (og rundt) Rotorua er termisk aktivt, som vil sei at det fins varme kjelder og boblande "mud pools" over alt! Wai-O-Tapu er ein slags park med mange slike. Me gjekk ein runde og såg x antal rykande innsjøar og gjørmehol. Det mest fascinerande var nok "Champange"-innsjøen, ein STOR innsjø som var kokande varm og dampen sto høgt til vers. Etter Wai-O-Tapu køyrde me vidare til Waikite Valley der me bada i basseng med naturleg varmt vatn (38 grader og oppover). Deilig avslutning på dagen!

Sjekk ut bilder!

Torsdag 16.april våkna me opp i Taupo og strikkhopping sto for tur. Therese og Erlend skulle egentleg hoppe i fallskjerm, men måtte avlyse pga at Erlend vart dårleg (dei tok bussen heim til Auckland). Eirik og eg hoppa i det (bokstavleg talt) og fekk eit adrenalinkick me seint vil gløyma! Strikkhopping kan ikkje beskrivast, det må berre prøvast.
Torsdagsettermiddag køyrde me til Wanganui for overnatting.




Fredag 17.april køyrde me Route 45 - Surf Highway. Til tross for litt dårlege bølger (lov å skylde på det og...) fekk me surfa litt før me la oss inn på hostell i New Plymouth. Laurdag 18.april køyrde me tilbake til Auckland.

Sjekk ut bilder!

Desse to vekene kan nok greitt oppsummerast med eit ord: FANTASTISK. Eg har ikkje opplevd så mykje og vore på så mange ulike plassar i løpet av så kort tid nokon gong før. Eg har prøvd både dykking, rafting og strikkhopping, Eg har sett boblande gjørmehol, kokande innsjøar og vulkanar. Eg har vore på filmsettet til Ringenes Herre, Hobbiton. Eg har vore i stillehavsparadis. Eg har gått til topps på ein vulkan. Eg har surfa på New Zealand.

No venta kvardagen og livet i Perth.

Håpa alle har hatt ein fabelaktig god påske og at alt står bra til heime!
Benytta anledningen til å gratulera Ingrid så mykje med dagen som var på fredag!:)


Over og ut.

2 kommentarer:

Ingrid sa...

Takker & bukker!
HolyMalony før ein påskeferie du ha hatt..detta vakje småtteri, d mao eg sei :)

Kjersti sa...

Omg... ser ut som kvardagen kan bli kjedleg etter den ferien der. Jaja me har sol i Oslo og :)