Verkeligheiten slo meg hardt forrige mandag. Tilbake i Perth etter to veker med moro på New Zealand venta essay, gruppeoppgåver og lesing. Ingen tvil om at det er nok å gjere! Heldigvis klarar me å ha det litt moro innimellom, og helga har gått med til blant anna øl og pizza på Little Creatures (mikrobryggeri i Freo), tur på Australian Football match, strandliv og Sunday Session på Cottesloe. Sunday Session på Cottesloe er eit artig fenomen i Perth. Folk går rett frå stranda til Cottesloe hotell for øl, fest og moro. I går var sesongens siste og det var stappfullt med folk. God stemning og mykje moro! :)
På laurdagskvelden reiste eg på Australian Football match med sju andre internasjonale som eg har blitt kjent med her. Australian football er ein blanding mellom soccer og rugby. Interessant sport!
Flause-spalten.
for 15 år siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar