søndag 3. mai 2009

Skulearbeid med litt attåt

Då var endå ei veke over. Ein kan ikkje få sagt det nok: tida flyr! Forrige veke gjekk stort sett med til skulearbeid og litt trening innimellom. No om dagen held eg på med eit essay til Human Resource faget eg tar. 3000 ord om "Linking executive pay to performance: Benefits and limitations". Eg kan gå god for at det ikkje er berre berre. I tillegg har eg tre gruppeoppgåver pågåande. Siste oppgåva mi skal inn 18.mai, og det skal bli ein god dag. Då er det berre eksamenslesing som gjenstår!

Eit ganske vanleg syn i Mosman Mansion


På fredag reiste Siri og eg ut for å treffe ein gjeng med nordmenn frå ANSA, som er organisasjonen for norske studentar i utlandet. Kjekt å treffe litt nye folk, og det endte med at me dansa oss inn i dei seine nattetimar til Spice Girls, Aha (!!!) og anna god 90-talsmusikk:)



I går, laurdag, vart dagen nytta til skulearbeid og eit forsøk på å skrive nokre ord på essayet. På kvelden reiste eg inn til byen for feire Valborg (svenskane feirar at våren kjem til Sverige). Det vart ein hyggeleg kveld/natt med fleire nye norske og svenske bekjentskap:)



Neste veka blir dedikert til skulearbeid, så blir det nok litt sprell igjen også neste helg:)



Håpar alt står bra til heime!

Ingen kommentarer: