tirsdag 17. juni 2008

Helga og start paa Berkeley!

Fyrste helga i San Francisco gjekk fort unna. Det starta med at eg vart matforgifta paa fredag og var daarleg fredagsnatta og store deler av dagen paa laurdag. Eg kom meg so pass at eg fekk vere med paa kino, noko som var kjempemoro, og ein liten tur ut etterpaa. Eg avslutta kvelden relativt tidleg. Natt til sondag vart me vekt av brannalarm og det viste seg at det var ganske alvorleg. Ein leiligheit i 6.etasje (me bur heldigvis i 9.etasje) sto i full fyr. Heldigvis vart ingen alvorleg skada, og me fekk komme inn i leiligheiten igjen etter vel 1 time paa gata (det var kaldt!). Sondag vart daffedag, med ein liten tur paa kjopesenteret som ligg bortanfor oss. Det var deilig med ei roleg helg!
I gaar var me paa jobb, og kvelden nytta me til klesvasking og lesing av case. Me skal nemleg ha vaar fyrste dag paa Berkeley i dag. Det blir utruleg spennande, og eg gledar meg mykje, samtidig som eg er litt nervos! Undervisningsopplegget i USA er veldig ulikt Norge. Men me kjem nok til aa laere mykje! Ingunn og eg skal koyre rett fraa jobb til Berkeley. Gledar meg til aa sjaa korleis det ser ut der :)
Ellers saa er det ikkje saa mykje nytt her i San Francisco, sola skin og livet er godt! Dagane gaar saa utruleg fort unna, for eg veit ordet av det saa staar eg heime i Laerdal igjen!

Haapar alt staar bra til heime :)

2 kommentarer:

Anonym sa...

ai..! Skummelt med brann.. Men godt det gjekk bra :) I dag er eg så ubrukeleg.. ligg som eit slakt på sofaen.. må prøve å stå opp og få meg litt mat.
Kos deg masse vidare! Klem

Inghild sa...

Hehe ja, det var action ei stund dao! Eg berre laffa ut, for eg er so vand med at naar brannalarmen gaar so e d falsk alarm (Pentagon!). Hehe:) Men det gjekk bra heldigvis!
Forstaar godt at du e slakt i dag, det e lov innimellom det;)
Klemklem