mandag 30. juni 2008

Hiking og Gay Parade

Daa var nok ei helg over i San Francisco. Tida gaar saa altfor fort her! Me har hatt ei fabelaktig helg med mykje moro. Fredag var Ingunn og eg ute med nokre fraa jobben rett etter jobb og drakk pils. Etterpaa tok me oss ein tur paa senteret og fekk kjopt litt klede til laurdagskvelden:) Paa laurdag sto me opp tidleg og kom oss etterkvart avgaarde paa hiking. Me satte kursen mot eit omraade nord for San Francisco. Difor fekk me ogsaa endeleg koyrd Golden Gate Bridge! :) Etter mykje om og men fann me endeleg plassen der me skulle gaa. Det var kun vaar bil som fann fram, saa det vart ein tremannstur. Det var ei nydeleg loype langsmed kysten med flott utsikt og nydeleg natur. Eg har masse bilete, og skal prove aa faa lagt ut litt i kveld. Paa veg heim fraa hikingen stoppa me paa Stinson Beach (nydeleg plass tante Rita!) og aat middag. Dit skal eg tilbake! Kjempekosleg plass med ei flott strand. Det var ikkje saerleg fint vaer denne dagen, saa me bada ikkje:)
Laurdagskvelden inviterte vaar leiligheit til norsk vorspiel. Nesten alle i gjengen kom og det var veldig god stemning. Etterkvart gjekk me ut paa byen og dansa langt uti dei seine nattetima...:)
I gaar, sondag, var det Gay Parade i byen. Eg har aldri sett saa mange morsomme, merklige, rare, sote og artige personar samla paa ein plass!! Det gaar ikkje an aa forklare med ord korleis stemningen var og korleis folk var kledd. Eg har ein del bilete og skal heller legge ut dei :) Det var i alle fall litt av ein opplevelse!!
Paa tur heim fraa byen og Gay Parade stoppa me paa Twin Peaks, som er utsiktspunkt over heile byen. Det var veldig taakete denne dagen saa utsikten var ikkje den beste. Men me fekk nokre fine bilete av kvarandre :) Deretter koyrde me ut til havet og stranda og leikte oss litt der.
Denne veka skal me kun vere paa jobb tre dagar. Me har faatt fri paa torsdag og skal koyre nedover til LA onsdagskveld eller torsdagsmorgon. Der skal me feire 4.juli med BBQ og beachparty! Det blir stas!! :) Om forrige veke gjekk fort, saa kjem i alle fall denne til aa gjere det!!

Haapar alt staar bra til heime! :)

Ingen kommentarer: